page view image

Ingebjørg Bratland - Sommerkonsert på Holt gård!

Dette blir sommarens høgdepunkt: Utekonsert med Ingebjørg Bratland trio på det koselege tunet vårt i Undrumsdal, Tønsberg. Tunet opnar 16:00 med smakfull lokal mat og drikke, og oppvarming med Oda Jonetta, og før det gruppa Gangsyn. Ingebjørg Bratland er på scena kl 19:00. Kle deg etter været, og ta gjerne med stol, sjølv om vi har mange :) Hjarteleg velkommen!

Informasjon
event image

Program: 

  • 16:00 Gardstunet opnar. Salg av mat og drikke.
  • 16:30 Oppvarming med Rupert Derben og gruppa Gangsyn
  • 17:30 Oppvarming med Oda Jonetta
  • 19:00 Ingebjørg Bratland trio på scena! 

Tidlegare år har vi hatt gleda av å høyre Jan Eggum, Stein Torleif Bjella, Valkyrien Allstars, Bjørn Tomren, Erik Lukashaugen og Øystein Sunde på tunet.

I år gleder vi oss stort til å ta imot ein stor kvinneleg artist, Ingebjørg Bratland, og ikkje berre henne! Den lokale heltinna vår Oda Jonetta skal varme opp! Og, i år som i fjor startar gruppa Gangsyn med singersongwriter Rupert Derben i spissen den musikalske ettermiddagen på tunet.  

Litt om Ingebjørg Bratland:
«Vinje-bygdingen har alt ei merittliste dei fleste kan misunne. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg» – og mange fleire – har ho bora seg inn i den norske folkesjela.

Bratland er mest kjend gjennom låtane og albuma sine, der ho tolkar eigne og andre sine songar på sitt heilt særeigne vis, og når eit stort publikum i alle aldrar. Dei siste åra har Ingebjørg, saman med sin gode ven Odd Nordstoga, spelt konsertar for fulle salar over heile landet, og no er ho klar for å dra vidare på si eiga musikalske ferd.

2026 starta med førsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!» saman med bandet Hagle. Ingebjørg er òg å sjå på TV 2 kvar fredag denne våren – som mentor idet populære musikkprogrammet The Voice.

Ein skal heller ikkje sjå bort frå at det dukkar opp ny og spanande musikk frå Ingebjørg Bratlands hand i løpet av 2026»

Litt om Oda Jonetta:

Oda Jonetta kjem fra bygda vår Undrumsdal, og blei landskjend da ho deltok i den tiande sesongen av The Voice Norge på Tv2 i 2025.

Oda starta tidleg med musikk og sang i den lokale kulturskolen. På vidaregående gjekk ho tre år på musikklinja (Musikk, dans, drama) ved Greveskogen VGS i Tønsberg. I 2020 flytta ho til London for å ta ein bachelorgrad i utøvande populærmusikk og sang ved «The Institute of Contemporary Music Performance».

Litt om Rupert Derben: Rupert driv småbruk i Tinn Austbygd, og skaper eigne tekstar og musikk, med varme livsbetraktningar som ser det store i det små.

Det blir salg av gardens gode handverksmat: steinovnspizza, kjøt- og vegetargryte, gelato, bakst og diverse drikkar. Det er barre å glede seg til ei sommarleg konsertoppleving her på Holt gård.

Set av ettermiddagen til eit besøk på det trivelige tunet, senk skuldrene og nyt! NB Utekonsert - Velg klær etter været! Og ta gjerne med ein stol, sjølv om garden har mange : )

ingebjorgbratland utekonsert sommerkveldpåtunet gårdskafe gårdensgelato odajonetta rupertderben gangsyn holtgårdsgodepizza raastadkombucha knatteneplemost inderøygardsbryggeri økologiskmatogdrikke lykki vedfyrtbakerovn minifestival!

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke, jf angrerettsloven.