Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Program:
Tidlegare år har vi hatt gleda av å høyre Jan Eggum, Stein Torleif Bjella, Valkyrien Allstars, Bjørn Tomren, Erik Lukashaugen og Øystein Sunde på tunet.
I år gleder vi oss stort til å ta imot ein stor kvinneleg artist, Ingebjørg Bratland, og ikkje berre henne! Den lokale heltinna vår Oda Jonetta skal varme opp! Og, i år som i fjor startar gruppa Gangsyn med singersongwriter Rupert Derben i spissen den musikalske ettermiddagen på tunet.
Litt om Ingebjørg Bratland:
«Vinje-bygdingen har alt ei merittliste dei fleste kan misunne. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg» – og mange fleire – har ho bora seg inn i den norske folkesjela.
Bratland er mest kjend gjennom låtane og albuma sine, der ho tolkar eigne og andre sine songar på sitt heilt særeigne vis, og når eit stort publikum i alle aldrar. Dei siste åra har Ingebjørg, saman med sin gode ven Odd Nordstoga, spelt konsertar for fulle salar over heile landet, og no er ho klar for å dra vidare på si eiga musikalske ferd.
2026 starta med førsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!» saman med bandet Hagle. Ingebjørg er òg å sjå på TV 2 kvar fredag denne våren – som mentor idet populære musikkprogrammet The Voice.
Ein skal heller ikkje sjå bort frå at det dukkar opp ny og spanande musikk frå Ingebjørg Bratlands hand i løpet av 2026»
Litt om Oda Jonetta:
Oda Jonetta kjem fra bygda vår Undrumsdal, og blei landskjend da ho deltok i den tiande sesongen av The Voice Norge på Tv2 i 2025.
Oda starta tidleg med musikk og sang i den lokale kulturskolen. På vidaregående gjekk ho tre år på musikklinja (Musikk, dans, drama) ved Greveskogen VGS i Tønsberg. I 2020 flytta ho til London for å ta ein bachelorgrad i utøvande populærmusikk og sang ved «The Institute of Contemporary Music Performance».
Litt om Rupert Derben: Rupert driv småbruk i Tinn Austbygd, og skaper eigne tekstar og musikk, med varme livsbetraktningar som ser det store i det små.
Det blir salg av gardens gode handverksmat: steinovnspizza, kjøt- og vegetargryte, gelato, bakst og diverse drikkar. Det er barre å glede seg til ei sommarleg konsertoppleving her på Holt gård.
Set av ettermiddagen til eit besøk på det trivelige tunet, senk skuldrene og nyt! NB Utekonsert - Velg klær etter været! Og ta gjerne med ein stol, sjølv om garden har mange : )